
Bruk av heller

Heller er ein slags fotlenker som vart bruka mykje før det elektriske gjerdet kom på marknaden. Spesielt i fjellet kan det vere vanskeleg å finne stader å binde hesten på ein forsvarleg måte. Ofte gjekk hestane også heime på garden i heller.
Heller kan vera laga av lær tre, jern eller av syntetmateriale. Lærheller med kjetting/svivel i midten er mest vanlege å bruke i dag. Hellene skal plasserast på frambeina til hesten slik at den berre kan gå små skritt.
Heller er fint å bruke under pause og ved overnatting dersom ein ikkje har med gjerdeutstyr eller som ein ekstra sikkerhet. Dei gjev hesten nok frihet til å gå og beite samtidig som den ikkje kjem seg så fort avstad.
Ein hest kan koma seg ganske langt i løpet av ei natt om den går med heller, nokre lærer seg også å galoppere med heller på. Derfor er det lurt å bruke heller under oppsyn eller i kombinasjon med gjerdetråd dersom ein ikkje vil gå fleire kilometer om morgonen for å leite etter hest.
Ein bør venne hesten til å gå i heller før ein reiser på tur, nokre brukar lengre tid men dei fleste hestane lærer det etter ei stund.
Åsne Vågen |