
Bruk av kløv
Frå gamalt av bruka dei ofte ein sal av tre som bestod av bogar og fjøler gjort og fram/baksele, dei laga seg puter eller bruka anna underlag alt etter som kor tung kløva var. Mange brukar framleis desse salane, ein får og kjøpt slike salar i glasfiber.
Andre kløvsalar som ofte blir bruka i dag er militærsalar eller av same modell som desse. Militærsalen har tykke puter montera på, bogane kan vera laga av tre eller jern.

Martell med oppakning på kløvsalen.
Oppakningen på sidene er lagt oppi trerammer med lerretsduk som ein pakkar ferdig før ein heng det på kløvsalen.
Det er viktig at begge sidene er like tunge.
Ein fordel er det og å henge dei på på likt, slik at salen ikkje sklir.
På kløvsalen festar ein kasser eller vesker til å pakke i, dette kallast for kløv.
Ein må venne hesten til å gå med kløv, nokre hestar blir skremt av det daude lasset eller dersom kløven heng fast i greinar og kjem borti ting. Ein grei regel er at ein ikkje skal laste meir enn 60kg på ein fjording og 80 kg på ein døl.
Ellers må ein vurdere dette etter kva for hest ein har, terreng, alder, kondisjon og erfaring.
Med bruk av kløv er det viktig at vekta på kvar side av hesten er lik, ein halv kilo kan gjera stor forskjell for hesten og gjere at salen med kløv sklir rundt. Vektforskjell i kløva kan og gje gnagsår på hesten.

Herkules med kløvsal før oppakkinga er tatt på.
Denne typen er en Sveitsisk militær kløv sal. Den har mange likhetstrekk med den Norske militær salen,
men er utviklet flere år seinere.
I GAMLE DAGAR
Kløv vart fyrst og framst bruka att og fram til støylen om sommaren, kløva vart lasta med mjøl sukker, kaffe ol. på veg opp. På veg heim hadde dei med seg mjølkeprodukter frå støylen. Å kløve (klyvje) betyr å dele i to, dvs. dele lasten i to like delar. Kløvet måtte ikkje vere symmetrisk, men vekta måtte vere lik på begge sider.
Kløvsalen besto i utgangspunktet av sjølve salen som oftast var laga av tre, bukgjorden på kløvsalen var laga av strie eller av tykt lær, brystreima og eit halatak. Halataket var laga av 2 korte tau som var festa i salen og ein kort bua pinne av bjørk som låg under hestehalen. Nokon bruka og vidjebånd under halen. Seinare kom også bakselen. Under salen bruka dei eit bretta ullteppe eller lignande, seinare kom og putene som er vanlege i dag. Kløvputa var ofte festa til salen. Frå gamalt av bruka dei og å leggje torv under salen om dei hadde tungt lass.
Kløv er navnet på lasset og meisen som hesten skulle bera, meisen var laga av vidjeband og tau, den kunne og vera laga som ei korg, dette var kjekt når ein skulle hente mjølk ol. på støylen. Ofte var dei to om å feste kløva til salen. Når dei hadde festa kløva på den eine sida, sette dei kløvstøtta under det slik at salen ikkje skulle skli rundt og hengde så opp kløva på andre sida. Kløvstøtta var ein stav med kløft øverst, ofte av bjørk. På turen vart den bruka som som stav.
Når kløva var på plass måtte det stagast, dette blei gjort ved at dei tok eit tau frå botnen av den eine meisen og la det over kløva til botnen av den andre meisen for så å lyfte kløva ut ifrå hesten. Dei måtte ikkje ikkje stage for lite eller for mykje for da kunne dei få problemer med balansen på kløva eller den kunne gnage på hesten. Nokon bruka og ei stong under hesten som heldt kløva ut frå hesten.
Kløv vart og bruka til å frakte varer frå vest til aust, da fylgde dei dei gamle slepene som gjekk over fjellet.
DEI GAMLE FERDSELSVEGANE

Ei slepe er dei vegane handelskarane bruka når dei dreiv fe frå Vest til Aust. Dei store flokkane med dyr som blei drive over vidda har satt djupe spor etter seg og ein kan framleis sjå att litt av dei gamle slepene.
I Aust var det harde vetre og dei hadde ofte vanskar med å skaffe nok vinterfor til dyra, Vestlendingane derimot hadde milde og fine vetrar med lite sno og hadde derfor nok av fòr til å ale opp dyr for salg.
Nokon av slepene gjekk over Hardangervidda og vart kalla Nordmannslepene. Navnet nordmann kom av at folk i b.l.a Numedal kalla vestlendinger for ”nordmenn”.
Navnet slep kjem av ein køyrereidskap som bestod av to lange ”sjeker” eller drag. Draga var festa i enden med to tverrtre, og oppå desse vart lasten lagt. Denne køyrereidskapen glei lett over steinar og andre ujevnhetar. Med slep kunne dei få med seg større lass og køyrekaren kunne ri hesten i tillegg.
Slepene vart lagt på stader der det var tørt (ikkje for mykje myr) og lett å ta seg fram, i tillegg var det viktig at dyra fekk godt med beite på turen. Det hendte og at dei måtte betale for beite særleg når dei kom ned i bygdene.

Hovedsleper over Hardangervidda
Nordre Nordmannsslepa, Eidfjord - Hallingdal.
Store og Søndre Nordmannsslepa, den eine kjem frå Eidfjord og den andre frå Ullensvang og båe to kjem ned i Numedal og gjeng vidare til Kongsberg.
Hardingslepa, Hardanger-Rauland i Telemark.
Ålmannavegen, Røldal-Vinje.
Åsne Vågen
|